Lurer du på når det vert arrangert kurs, samlingar eller andre arrangement som du kan ha nytte av?
Sjekk kalenderen under:
EuroPRO AS er på haust-turnè med separatordemoer. Mange har meld interesse og ønskjer å ha besøk eller komme til ein nabo for å sjå.
Torsdag 20.oktober frå kl 11 til kl 13 vert det demonstrasjon/visning av CriMan MSU260 Gjødselseparator-unit med sugepumpe, tynnvarepumpe og transportør for tørrstoff hjå
Frank Kvammen, Toskavegen 492, 5936 Manger.
Ta kontakt med Europro v/Inge Joar Nydal Tlf 95120629 om du har spørsmål.
God dyrehelse er eit viktig klimatiltak.
Go’kalven er eit kurs med grunnleggjande innføring i kalven sin utvikling og behov dei viktige første seks månadene. Ein frisk kalv i god tilvekst er avgjerande om ein skal lukkast i mjølk- og kjøttproduksjonen.
Frå 1.1.2023 blir det innført eit tillegg for berekraft på mjølkeprisen. Om ein har utrekning i TINE sin dyrevelferdsindikator og har logga seg inn og gitt samtykkjer i klimakalkulatoren, vil ein få 2 øre/liter levert mjølk.
Innlogging i klimakalkulatoren er enkelt og heilt ufarleg, men for nokon kan det vere fint å gjere dette saman med andre første gongen.
Klimakoordinatoren kjem gjerne på besøk til ditt produsentlag eller lokallag og hjelper med innlogging.
Forsking viser at det er mykje å hente på å produsere eit godt grovfôr, både økonomisk og klimamessig. TINE Rådgjeving har utvikla eit program der du og din rådgjevar set mål og lagar ein plan for å ha eit heilskapleg fokus på grovfôrproduksjon og fôring. Rådgjevaren følgjer deg gjennom heile prosessen frå planleggjing, produksjon og disponering av grovfôret.
Kontakt
Copyright © Med enerett