KLIMANYHEITER


- trykk på bileta for å lese meir

KLIMASMART LANDBRUK

I 2050 vil det bu 9 milliardar menneske i verda. Samstundes veit vi at klimaendringar vil gjere matproduksjon meir utfordrande. Noreg kan gå føre internasjonalt innan klimasmart matproduksjon.

NORSK JORDBRUK GÅR FØRE


Norsk jordbruk er i dag ein av dei mest klimasmarte matprodusentane i verda. Som ei av få næringar har jordbruket kutta klimagassutsleppa over fleire tiår, – med 6,6 % sidan 1990. Dette har næringa gjort gjennom systematisk og langsiktig avlsarbeid, god dyrehelse, fôrutvikling, og meir treffsikker gjødsling.


Dette har skjedd trass i at det ikkje har vore gjort systematisk arbeid med klima som mål, - klimaeffektivitet blei ein ”bonus” i arbeidet med effektivisering og auka matproduksjon. Styrka satsing på klimasmart landbruk vil både kunne redusere klimaavtrykket frå matproduksjonen, men òg optimalisere produksjonen og betre lønsemda på garden.

Landbruket veit at vi kan få til klimaresultat,

– vi har allereie bevist det

Kirsti Winnberg, NMBU/ Geno

KVEN STÅR BAK KLIMAPROSJEKTET

Eit samla landbruk står bak klimaprosjektet og klimakoordinatoren.